haugenfotball.no


Hovedside

Skriv innlegg

<<< 76 >>>

Antall innlegg: 6353








Lag din egen gjestebok

Fjern all reklame

IP-info....

Administrer





Svineinfluensa fra Sfj skrev 16. august 2009 kl. 0:13

Handhelsing
Såg no at Fair play handhelsinga vart praktisert i dag, lite effektivt om nokre dommarar gjer det og andre ikkje. Etter kampane er ferdi brukar folk å takke for kampen, skal det og foregå ved nikking?


Dr. Quacksalver fra Riskhospitalet skrev 15. august 2009 kl. 23:22

Svineinfluensa
Viss svineinfluensaen er så farlig, så bør ein vel strengt tatt ikkje spele fotballkamp om ein er smitta...


Fotballgal fra Måløy skrev 15. august 2009 kl. 19:46

Tmfk-Fjøra
Fjøra er det dårlegaste laget som har vitja Måløy stadion i år.Dei må vere dårlig trente, orka ikkje å gå i duell,løpe, direkte dårlege var dei.


Anonym fra Eid skrev 15. august 2009 kl. 12:20

Handhelsing
Er jo snakk om at 1/4 får svineinfluensaen. Dvs over 1million norske menneskje. Er jo mange bakteriar på henda, og viss ein person har svineinfluensaen, og han har hosta i henda, då er det fort stor sannsynligheit for at han smitter nokre andre. Og husk på at i henda er ein av dei plassane på kroppen som har mest bakteriar. Er vel eitt bra forsøk på å minske faren for svineinfluensa smitten.


Pe fra Eid skrev 14. august 2009 kl. 13:54

Fornuftig
Er snakk om tusenvis av handhelsingar i løpet av ei fotballveke i fylket, som potensielt kan sette ei bygd i isolasjon. Enkelt og greit tiltak i nokre veker/mndar. Tåpelig? Du om det.


Kayen fra Stårheim skrev 14. august 2009 kl. 10:00

Fair Play Nikk
Skal visst bli forbode og takle og,....ein kan jo risikere og kome bort i kvarandre....


eidar fra eid skrev 14. august 2009 kl. 1:19

Fair Play
Fair Play "nikk" er noko av det dommaste eg har høyrt, ei handhelsing har vell aldri skada nokon. Kan ikkje la denne svineinfluensaen ødleggje for gode tradisjonar i fotballen


Jølstring fra Jølster skrev 13. august 2009 kl. 23:34

Bil-Jil
Damekampen mellom Bremanger og Jølster er utsett grunna sjukdom på Jølster. Om det er svineinfluensa eller noko anna er ukjent.

Svar til Jølstring

Skrevet av Stig, 14. august 2009 kl. 6:52
Takk for tipset.




Kay Rune fra Hauane skrev 13. august 2009 kl. 22:17

Fotballtrening
A-lags treninga fredag kl 19 blir flytta til Eid Idrettspark pga været dei siste dagane


Sverre fra Stadlandet skrev 11. august 2009 kl. 21:52

Takk Flatraket :)
Takker Flatraket for et fantastisk resultat i dag :)


Bjørn Inge fra Måløy skrev 10. august 2009 kl. 21:30

Frantzen og Myhre
Hei, Stig :D Ser at Frantzen og Myhre har fått seg varebil og greier. Har dei elendig smak eller? :S

Svar til Bjørn Inge

Skrevet av Stig, 10. august 2009 kl. 23:02
Trur ikkje det har noko med elendig smak å gjere, men heller litt meir strategi. Går rykte om at det er ein del damer som treng hjelp med flytting i desse skuletider, og då troppar Myhre/Frantzen opp og hjelper til.




Kent Fimreite fra Norane skrev 9. august 2009 kl. 20:21

Fotball laurdag
Hallo Sogn vil halde deg oppdatert på kampane som blir spelt i Firdaligaen.
Her får du løpande oppdateringar på alle kampane i runden, musikk, gjester i studio og meldingar frå lytterane
Skru på Hallo Sogn kvar Laurdag kl 16:00 – 18:00

Radioen fin du på www.nettradio.tk


Eid suporter fra Nordfjordeid skrev 9. august 2009 kl. 1:59

Bileter
Ingen bilder frå Eid - Florø?

Svar til Eid suporter

Skrevet av Stig, 9. august 2009 kl. 2:12
Sorry, var ikkje der :-(




Roger Nygård fra Flatraket skrev 7. august 2009 kl. 0:47

Stadt vs Flatraket
Hei Stig, og takk for sist. I morgen blir det storkamp på stadtlandet, når vi fra Flatraket kjem på besøk. Tippar det blir ei skikkelig batalje. Må nesten ta turen til stadt og dekke kampen,Stig. Startar kl.19.00.

Svar til Roger Nygård

Skrevet av Stig, 7. august 2009 kl. 7:12
Hei og takk for sist. Tek trulig turen til Stadlandet i dag, men er ikkje 100% sikkert.




Jølstring fra Jølster skrev 6. august 2009 kl. 3:04

jaudå, 5-0
Ka e det me eid og 5-0?


Terje Rognsø fra Florø skrev 5. august 2009 kl. 14:46

Florø SK
Ser en liten diskusjon angående Florø sin nettside, eller rettere sagt mangel på dette. Hovedgrunnen til dette, ligger i at personen som var ansvarlig for dette ble langtids sykemeldt i mai. Klubbens nettside var en person, og ingen andre hadde dessverre kunnskap, og eller tid til å ta seg av dette i perioden vi skulle inn i. Så derfor endte vi opp med en nettside uten drift. Det er selvfølgelig ikke bra nok, og klubben og akademiet jobber no i disse dager med nye nettsider, som også skal inneholde egen side til de ulike aldersbestemte lagene i klubben.

Når det gjelder bruken av haugenfotball.no, så er dette det beste nettstedene for informasjon i fylket. Stadig flere i Florø bruker denne, og det skyldes selvfølgelig kvaliteten på produktet. Som klubb har vi ingen målsetting om å komme på dette nivået, men en bedring skal som vi alle er enig om ikke mye til.

Lykke til med høstsesongen alle sammen.


fotballinteressert fra Nordfjord skrev 5. august 2009 kl. 11:58

Heimeside
Dersom innlegget blei oppfatta som kritikk mot Florø sine sportslege prestasjonar må du lese innlegget ein gong til-for prestasjonane stod nemleg omtalt som imponerande og det var også grunnen til at heimesida blei besøkt! Eg veit godt kor mange timar frivillig trenararbeid som ligg bak eit slikt opplegg som Florø har, og det står det verkeleg stor respekt av. Poenget mitt er at ein så stor organisasjon som Florø burde ha oppdaterte sider til liks med alle dei andre klubbane eg nemde eg hadde vore innom, det var overhodet ingen kritikk mot Florø sine sportslege prestasjonar eller Florøgutane sin trenar.Etter alle kjemperesultat Florø har hatt i sommar gjekk eg inn på FSK si side og tenkte det ville bli kjekt å lese om alt Florø har opplevd i løpet av sommaren og sjå nokre fine bilder,dei har jo delteke på fire store turneringar. Eg blei svært overraska då eg fann absolutt ingen ting, der var eit lite innlegg om jentelaget sin siste seriekamp. Å kome til finalen i Gothia-Cup på guttenivå 11-arfotball er ein fantastisk sterk prestasjon. Men trur nok det hadde vore kjekt for florøspelarane å kunne lese og følge med på klubben sine eigne heimesider slik sikkert haugenspelarane gjer på haugenfotball! MEN det er ikkje mange klubbar som er så heldige å ha ein Stig Høynes.....og haugenfotball er jo fylket si beste fotballheimeside så det er ikkje rart at dei vil bruke den Men eg understrekar: Det var ingen kritikk av Florø sine sportslege prestsjonar i innlegget, kun ei personleg oppleving av ein organisatorisk mangel!


Per fra Nordfjord skrev 4. august 2009 kl. 23:55

Heimeside
Hans Petter, han har jo eit poeng. Det ser vel du og. Men det er vel sånn at FSK ikkje har nok folk til å drive aktiviteten sin. Vi må ikkje tru at folk står i kø for å drive idrettslag i Florø heller. Det å få til eit system for heimesidene er noko mange klubbar slit med. Florø har gode folk sportsleg og det blir spanande å følge fortsettelsen. -og du... så lenge det ikkje er påkrevd med namn her på sida får vi bare akseptere det.


Roger fra Flatraket skrev 4. august 2009 kl. 22:41

Resultat treningskamp
Kvamsøy vann 2-1 itreningskamp mot Flataket på Naustteign stadion.


Svar til Roger

Skrevet av Stig, 4. august 2009 kl. 22:44
Takk skal du ha.




Hans-Petter fra Kjølsdalen skrev 4. august 2009 kl. 22:04

fotballinteressert fra nordfjord
Svar til ”fotballinteressert fra nordfjord” Kvifor er du så feig at du ikkje står fram med namn ? Synest du heller skal gje Florø fotball ”Ros” for den gode jobben dei gjer med aldersbestemt fotball i staden for å rakke ned på Nettsida til klubben. Den jobben som Terje Rognsø & Co gjer er noko andre klubbar kan lære av og vere til inspirasjon for vidare satsing. Kva er viktigast av å dyrke fram gode fotball spelarar eller å ha ei god nettside ? Eg trur Florø klarer begge deler om dei bare prioriterer. Det er berre kjekt at dei brukar www.haugenfotball .no til å gi info til andre fotball interesserte i fylket. Spar oss for slike usaklige innlegg , gje heller litt ”Ros” til dei som brukar timar/veker av si fritid på å gi barn og unge eit treningstilbud.
Eg vil nytte høve til å Gratulere Florø med ein kanonsesong hittil, ingen spesielle prestasjonar nemnt , ingen gløymt. Haugen smågut gledar oss til ein spennande haustsesong mot to gode Florø lag
Mvh
Hans-Petter Gilleshammer


[1] [2] [3] [4] [5] [6] [7] [8] [9] [10] [11] [12] [13] [14] [15] [16] [17] [18] [19] [20] [21] [22] [23] [24] [25] [26] [27] [28] [29] [30] [31] [32] [33] [34] [35] [36] [37] [38] [39] [40] [41] [42] [43] [44] [45] [46] [47] [48] [49] [50] [51] [52] [53] [54] [55] [56] [57] [58] [59] [60] [61] [62] [63] [64] [65] [66] [67] [68] [69] [70] [71] [72] [73] [74] [75] 76 [77] [78] [79] [80] [81] [82] [83] [84] [85] [86] [87] [88] [89] [90] [91] [92] [93] [94] [95] [96] [97] [98] [99] [100] [101] [102] [103] [104] [105] [106] [107] [108] [109] [110] [111] [112] [113] [114] [115] [116] [117] [118] [119] [120] [121] [122] [123] [124] [125] [126] [127] [128] [129] [130] [131] [132] [133] [134] [135] [136] [137] [138] [139] [140] [141] [142] [143] [144] [145] [146] [147] [148] [149] [150] [151] [152] [153] [154] [155] [156] [157] [158] [159] [160] [161] [162] [163] [164] [165] [166] [167] [168] [169] [170] [171] [172] [173] [174] [175] [176] [177] [178] [179] [180] [181] [182] [183] [184] [185] [186] [187] [188] [189] [190] [191] [192] [193] [194] [195] [196] [197] [198] [199] [200] [201] [202] [203] [204] [205] [206] [207] [208] [209] [210] [211] [212] [213] [214] [215] [216] [217] [218] [219] [220] [221] [222] [223] [224] [225] [226] [227] [228] [229] [230] [231] [232] [233] [234] [235] [236] [237] [238] [239] [240] [241] [242] [243] [244] [245] [246] [247] [248] [249] [250] [251] [252] [253] [254] [255] [256] [257] [258] [259] [260] [261] [262] [263] [264] [265] [266] [267] [268] [269] [270] [271] [272] [273] [274] [275] [276] [277] [278] [279] [280] [281] [282] [283] [284] [285] [286] [287] [288] [289] [290] [291] [292] [293] [294] [295] [296] [297] [298] [299] [300] [301] [302] [303] [304] [305] [306] [307] [308] [309] [310] [311] [312] [313] [314] [315] [316] [317] [318]