haugenfotball.no


Hovedside

Skriv innlegg

<<< 202 >>>

Antall innlegg: 6353








Lag din egen gjestebok

Fjern all reklame

IP-info....

Administrer





jossen fra Eid skrev 23. juni 2007 kl. 23:18

Vilt
va det virkeli 5-2 etter 20 min!!!!????

Svar til jossen

Skrevet av Stig, 23. juni 2007 kl. 23:32
Ja det var visst det.




Yngve Furnes fra Måløy skrev 23. juni 2007 kl. 18:06

Selje - Skavøypoll 0-4 (0-2)
Polljen vann fortjent 0-4 i selje idag! Torstein Rutledal starta ballet med si fyste scoring for polljen, så auka Stian Åmelfot til 2-0. Børge Yndestad sikra 3-0 og Kim-Andre Gangeskar fastsatte til 4-0 på straffe.

Man of the Match: Preben Hagen Torvanger


bergen fra polljen skrev 23. juni 2007 kl. 17:02

selje - polljen
resultat? anyone?


Bernt Ragnvald Veddegjerde fra Blakset skrev 23. juni 2007 kl. 10:51

Flott side!
De gjer ein kjempejobb med denne sida. Flotte bilete og referat frå alle baugar og kantar! Eg er storleg imponert. Helsing ein som spelar på Veten/ Hardbagg og har det fint i den tynne lufta på Ålandsleite. Eg ser forresten at nokon kallar meg Bengt, men han kjenner ikkje eg

Svar til Bernt Ragnvald Veddegjerde

Skrevet av Stig, 23. juni 2007 kl. 23:33
Takk for tilbakemeldinga. Skal huske å skrive Bernt neste gong.




Cato magne humborstad fra dalane skrev 22. juni 2007 kl. 22:03

dommar drakt:)
stå på rolf. det e viktig med ei godt synleg dommar drakt som ikkje e ilt å sjå på


Hauar fra Eid skrev 21. juni 2007 kl. 20:35

Nøyaktig skrivast det slik..
KLENKARBERGET (heimebana til Haugen)


Tor Heierdal fra Eid skrev 21. juni 2007 kl. 12:45

Navn på stadion
Klengaberget.


GAga GAga fra Eid skrev 21. juni 2007 kl. 10:46

Ka heite Stadion te Haugen
E det noken so kan svare på det?


Vissvass fra Hosle skrev 20. juni 2007 kl. 19:24

mmmmmmmmmmm
NUSS


kong ***** fra her skrev 19. juni 2007 kl. 15:19

Hopen
høyre rykte om at Super Hopen har får kyssesjuka


Kay Ove fra Stårheim skrev 18. juni 2007 kl. 13:05

Lokal Fotball

Dei siste vekane har det pågått ein storstilt diskusjon på diverse lokale klubbar sine internettsider. Debatten har omhandla rekrutteringa blant dei lokale 3. divisjonsklubbane utfører, og kva som eventuelt kan gjerast betre for at dei lokale klubbane kan ta eit steg vidare. Etter mitt syn har denne debatten vore lite nyansert og den har i stor grad vore basert på urealistiske visjonar.

For Stryn, Eid, Sandane og Tornado Måløy er det utopisk å tru at at disse klubbane kan klare noko meir enn å etablere seg i 2 divisjon på sikt. Etter mitt syn er det bra om ein av klubbane klarer det, og per tidspunkt er vel Stryn det heitaste alternativet. Det viktigaste for disse klubbane er etter mitt syn å generere såpass aktivitet at dei som er tilknytt klubben har eit fullverdig tilbod som dei i tillegg utviklast i. Den primære oppgåva blir derfor å utvikle spelarar til høgast mogleg nivå, og i ein periode kan sjølve laget nyte godt av dette. Klarer ein å reprodusere dette i mange nok årgangar klarer ein også å halde laget på eit akseptabelt nivå over tid. Så kan ein kanskje diskutere denne evna hos dei lokale klubbane per tidspunkt. Toppklubbane i 3 divisjon har likevel den fordelen at dei tiltrekker seg dei beste spelarane i nærområdet frå lavare divisjonar/aldersbestemte lag og at dei derfor har ein stadig tilgang av spelarar dei kan utvikle vidare, jfr Stryn. Hovudarbeidet må likevel leggast ned i dei aldersfastlagde klassane, og jfr debatten har mange mykje å gå på her.

Mange av spelarane på disse nevnte laga har utvilsomt eit potensial til å kunne spele i høgare divisjonar, men på eit eller anna tidspunkt må dei uansett gjere eit val. Det seie seg sjølv sidan det å spele i 3 divisjon er ein fritidssyssel som tek mykje tid og som ein ikkje har noko igjen for økonomisk. Eg har store problem med å sjå at ein lovande 19 åring over tid kan bruke meir tid på fotball enn det han er villig til å bruke på å skaffe seg ei god yrkesmessig framtid. At dei beste spelarane derfor vel klubbar på eit høgare nivå der dei kan kombinere fotball og utdanning har eg derfor ingen problem med å forstå. Det negative er at dei fleste ikkje taklar dette sportslege steget, og den sportslege utviklinga i mange høve stoppar opp. For klubbane i Nordfjord er derfor alderen 19-25 den sørste utfordringa. I denne aldersgruppa har ein det største frafallet. Det finnast ikkje eit godt nok høgskule utdanningstilbod i fjorden, og ikkje breidt nok tilbod i umiddelbar pendleravstand heller. Difor har eg vanskelig for å sjå at ein person i denne aldersgruppa vel å spele fotball på "hobbynivå" lokalt over tid istadenfor å reise ut for å "byggje seg" ei yrkesmessig framtid. Av den grunn er det også ein rekkje spelarar frå fjorden som spelar andre og tredje divisjon andre stadar i landet der dette kan kombinerast. Dette er noko klubbane i Nordfjord i stadig større grad må tilvenne seg til.

I tillegg skjønnar eg ikkje debattens definisjon av eit talent. Er ein framleis talent når ein spelar 3 divisjon som 20 åring? Andre stadar har ein då debutert i tippeligaen for lenge sidan. Ein 17 åring som derimot utmerkar seg i divisjonen kan kanskje gå under denne betegnelsen. At han også er attraktiv for klubbar på eit høgare nivå er derfor naturleg og bør være eit skussmål for dei lokale klubbane. Det største problemet slik eg ser det er at disse spelarane absolutt må til Sogndal, og alfor ofte blir stallfyll slik at den sportslege utviklinga stagnerar. Det hadde derfor vore avgjerande for fotballen i fylket om ein klarte å etablere eit par lag i 2. divisjon dei kommande åra. Dette ville gjort det sportslege steget mindre for dei talenta som har noko å fare med. For å klare dette må Sogndal la være med å "støvsuge" fylket for unge fotballspelarar som dei siste åra i hovedsak har plassert på Sogndall 2. At disse blir noko lenger i f. eks Stryn, Førde og Årdal trur eg på sikt vil gagne både dei lokale klubbane og flaggskipet.

Så til slutt; Alle klubbane i fjorden har dei siste åra prioritert mykje ungt. Det skal dei ha honnør for. At dei vil miste ein del spelarar er naturlig, både fordi dei er gode men særlig fordi ein på eit tidspunkt må rpioritere annleis. Å utvikle unggutar og børste støv av etablerte heimflytta spelarar vil derfor vere kvardagen til disse klubbane i overskueleg framtid. Det må ein berre leve med.


Espen Aaland fra løkjastranda skrev 17. juni 2007 kl. 13:45

F**n Eid!!!
Rykker Eid ned...tja, meget mulig.
dei på søren meg ta å skjerpe seg!!!


luring fra fra ytre skrev 16. juni 2007 kl. 19:55

Eid??
Var det ikkje Førde som vann 8-0???

Svar til luring

Skrevet av Stig, 16. juni 2007 kl. 19:59
Takk, hjerna var utkobla ei stund.




STIL PUS fra SANDANE skrev 16. juni 2007 kl. 0:30

STIL-POLJEN
Hei Stig.
Tar du turen til Skavøypoll imorra eller satsar du på 3 div?

Svar til STIL PUS

Skrevet av Stig , 16. juni 2007 kl. 0:39
Dessverre blir det berre ein kamp på meg i morgon, og det blir Eid-Florø. Hadde det passa hadde eg vore på både Skavøypoll-Sandane og Eid-Førde.




Andreas fra Eid skrev 14. juni 2007 kl. 20:10

Eid - Leirgulen G 12
Eid slo Leirgulen 29 - 0 på Plassen inn på Eid.


anonym fra gokk skrev 12. juni 2007 kl. 21:02

stilling
2-3
flatraket scora først


Christoffer hafsås fra Stårheim skrev 12. juni 2007 kl. 21:00

hmm?
Stillinga og første målscorar da?


aleksander kvernevik fra flatraket skrev 12. juni 2007 kl. 20:47

ufortjent
Haugen vant nok ja, men fortjent var det i alle fall ikkje, Flatraket var best i mesteparten av kampen og fortjene minst et poeng om ikkje 3


Vebjørn fra naustdal skrev 12. juni 2007 kl. 20:25

Haugen-Flatraket
tippar haugen vinn 3-1 og at stig tore scorar det fyrste målet


Johnny:) fra Olden skrev 12. juni 2007 kl. 18:41

Flatraket-Haugen
2-4 Første målet blir putta av Jim Balsnes:)


[1] [2] [3] [4] [5] [6] [7] [8] [9] [10] [11] [12] [13] [14] [15] [16] [17] [18] [19] [20] [21] [22] [23] [24] [25] [26] [27] [28] [29] [30] [31] [32] [33] [34] [35] [36] [37] [38] [39] [40] [41] [42] [43] [44] [45] [46] [47] [48] [49] [50] [51] [52] [53] [54] [55] [56] [57] [58] [59] [60] [61] [62] [63] [64] [65] [66] [67] [68] [69] [70] [71] [72] [73] [74] [75] [76] [77] [78] [79] [80] [81] [82] [83] [84] [85] [86] [87] [88] [89] [90] [91] [92] [93] [94] [95] [96] [97] [98] [99] [100] [101] [102] [103] [104] [105] [106] [107] [108] [109] [110] [111] [112] [113] [114] [115] [116] [117] [118] [119] [120] [121] [122] [123] [124] [125] [126] [127] [128] [129] [130] [131] [132] [133] [134] [135] [136] [137] [138] [139] [140] [141] [142] [143] [144] [145] [146] [147] [148] [149] [150] [151] [152] [153] [154] [155] [156] [157] [158] [159] [160] [161] [162] [163] [164] [165] [166] [167] [168] [169] [170] [171] [172] [173] [174] [175] [176] [177] [178] [179] [180] [181] [182] [183] [184] [185] [186] [187] [188] [189] [190] [191] [192] [193] [194] [195] [196] [197] [198] [199] [200] [201] 202 [203] [204] [205] [206] [207] [208] [209] [210] [211] [212] [213] [214] [215] [216] [217] [218] [219] [220] [221] [222] [223] [224] [225] [226] [227] [228] [229] [230] [231] [232] [233] [234] [235] [236] [237] [238] [239] [240] [241] [242] [243] [244] [245] [246] [247] [248] [249] [250] [251] [252] [253] [254] [255] [256] [257] [258] [259] [260] [261] [262] [263] [264] [265] [266] [267] [268] [269] [270] [271] [272] [273] [274] [275] [276] [277] [278] [279] [280] [281] [282] [283] [284] [285] [286] [287] [288] [289] [290] [291] [292] [293] [294] [295] [296] [297] [298] [299] [300] [301] [302] [303] [304] [305] [306] [307] [308] [309] [310] [311] [312] [313] [314] [315] [316] [317] [318]