Jostein Seljelid fra 3580 Geilo skrev 7. februar 2012 kl. 1:01
Haugastøl skule
Veldig kjekt med bilde frå skolehuset. Det var vår heim i mage år, og her voks mine 2 elste barn opp. Taket i "kirkerommet" var det Nils Herland (som var stasjonsmester den tid) og eg som malte. Så fekk me Sataøen opp til å rosemala taket, orgelkrakken og talerstolen. Nils Herland var også ein habil rosemalar. Den tid var det mange folk med barn på Haugastøl. Det var husmorlag, me hadde tinnsløyd, og Ingrid Dahle dreiv søndagslule. Sia me budde i skolehuset, vart det også ofte at netopp Skolestua vart leikeplass for ungane. Me fekk låna film, (smalfilm) frå NSB og hadde kyggekveld med mat og underhaldning. Dette var i 60-åra. Har bilde der det var 13 ungar som gjekk på skulevogna til skulen på Ustaoset, og dei store til Geilo. Tenk: 13 skolebarn på Haugastøl den gangen. Helsing frå Jostein Seljelid, Lanzarote
|